SKALDS klassikarar

· · · · · · · · · · · · · · · · · · · ·
Latest release: May 30, 2023
Series
17
Books

About this ebook series

«Ein, ingen og hundre tusen» (1926) er ein surrealistisk, vittig, skarp og reinskoren monologisk roman. Hovudpersonen Vitangelo Moscarda oppdagar at nasa hans er skeiv, noko som kastar han ut i ei djup identitetskrise. Romanen er sett på som det mest konsentrerte og klaraste uttrykket for Luigi Pirandellos syn på livet som eit narrespel. Nobelprisvinnaren skreiv romanen over ein periode på 19 år, åra då han produserte dei mest kjende verka sine og meisla ut sitt eksistensialistiske menneskesyn. Pirandello blir ofte samanlikna med Samuel Beckett, og verka hans er minst like grunnleggjande for 1900-talets nyskapande litteratur. Det litterære språket hans er filosofisk reflekterande, men beintfram og ber preg av at forfattaren hadde føtene godt planta i den sicilianske landsbygda. Luigi Pirandello (1867–1936) vart fødd i ein velståande familie på Sicilia. Foreldra ønskte at han skulle ta over familieforretninga, men Pirandello var mest interessert i humanistiske fag og tok doktorgrad i filologi. I 1920-åra hadde forfattaren og dramatikaren veksande suksess med skodespela sine. Hans moderne og avantgardistiske litterære verk hadde etter kvart enorm påverknad på det moderne absurdteateret og gjorde Luigi Pirandello til ein av dei største italienske forfattarane gjennom tidene. I 1934 vart han tildelt Nobelprisen i litteratur.
Ein, ingen og hundre tusen
Book 0 · Nov 2020 ·
0.0
«Ein, ingen og hundre tusen» (1926) er ein surrealistisk, vittig, skarp og reinskoren monologisk roman. Hovudpersonen Vitangelo Moscarda oppdagar at nasa hans er skeiv, noko som kastar han ut i ei djup identitetskrise. Romanen er sett på som det mest konsentrerte og klaraste uttrykket for Luigi Pirandellos syn på livet som eit narrespel. Nobelprisvinnaren skreiv romanen over ein periode på 19 år, åra då han produserte dei mest kjende verka sine og meisla ut sitt eksistensialistiske menneskesyn. Pirandello blir ofte samanlikna med Samuel Beckett, og verka hans er minst like grunnleggjande for 1900-talets nyskapande litteratur. Det litterære språket hans er filosofisk reflekterande, men beintfram og ber preg av at forfattaren hadde føtene godt planta i den sicilianske landsbygda. Luigi Pirandello (1867–1936) vart fødd i ein velståande familie på Sicilia. Foreldra ønskte at han skulle ta over familieforretninga, men Pirandello var mest interessert i humanistiske fag og tok doktorgrad i filologi. I 1920-åra hadde forfattaren og dramatikaren veksande suksess med skodespela sine. Hans moderne og avantgardistiske litterære verk hadde etter kvart enorm påverknad på det moderne absurdteateret og gjorde Luigi Pirandello til ein av dei største italienske forfattarane gjennom tidene. I 1934 vart han tildelt Nobelprisen i litteratur.
Dei døde
Book 1 · Apr 2017 ·
0.0
James Joyces «Dei døde» (1914) er ei av verdas beste noveller. Forteljinga som avslutta samlinga «Dubliners» inneheld alt som gjer Joyce til ein feira forfattar: eit sanseleg språk, bitande ironi og ei brennande interesse for det indre livet til menneska, med dei stivna konvensjonane som ytre tvangstrøyer. At Joyce ikkje heldt noko tilbake og gav eit uforfalska bilete av menneskenaturen slik han såg den, gjer verket hans friskt og gjenkjenneleg også for dei som les han i dag. Dette er første gong at ein tekst av James Joyce er gitt ut på nynorsk. James Joyce (1882–1941) er ein av dei mest framståande og nyskapande forfattarane i det 20. hundreåret. Han ønskte å gi ei sannferdig framstilling av menneska og samfunnet dei levde i. Samtida reagerte med sjokk på dei direkte skildringane hans av alkoholisme, urett og seksualitet. Jon Fosse (f. 1959) kjem frå Strandebarm og er no busett i Grotten, statens æresbustad for kunstnarar i Oslo. Fosse er ein av Noregs viktigaste forfattarar og dramatikarar og har vunne ei rekkje nasjonale og internasjonale prisar.
Madame Bovary. Frå livet i provinsen.
Book 2 · Oct 2017 ·
0.0
Gustave Flauberts debutroman og gjennombrot Madame Bovary er eit hovudverk i moderne fransk litteratur og handlar om bondejenta Emma som drøymer om eit lidenskapeleg og ekstravagant sosietetsliv. Romanen skildrar ei kvinne på flukt frå verkelegheita, på jakt etter å gjere sin eigen eksistens vakrare og som har gitt opphav til omgrepet bovarisme, ein tilstand der draum støtt møter verkelegheit. Omsett av Margunn Vikingstad Gustave Flaubert (1821–1880) var ein av dei sentrale forfattarane i den franske romantikken, samstundes som han blir nemnd som opphavsmannen til den litterære realismen. Han skilde seg ut gjennom ein svært finstemd skrivestil, og har vore kalla ein av litteraturens store perfeksjonistar. Med debut-romanen Madame Bovary (1857) fekk Flaubert sitt store litterære gjennombrot.
Fyrste kjærleik og annan kortare prosa
Book 3 · Mar 2018 ·
0.0
I novella Fyrste kjærleik møter vi ein namnlaus uteliggar utan andre ønske enn å få vere i fred på benken sin. Lulu forstyrrar han, og etterkvart blir han forelska. Fyrste kjærleik var ein av dei første tekstane Beckett skreiv på fransk, rett etter krigen i 1945, men han vart først utgitt i 1970 og på engelsk i 1973. I boka har Jon Fosse valt ut denne saman med fem andre kortare tekstar: Kasta ut, Nok, Pling, Dei farne bort og Løyse. Beckett skreiv smått om det store. Med ei stadig meir minimalistisk tilnærming sirkla han rundt mennesket sitt komplekse tilvære. Personane i Becketts tekstar verkar på same tid både nyfødde og livstrøytte, og tilbyr lesaren eit nytt og uvant blikk på verda. Mest kjend er nobelprisvinnaren frå 1969 for teaterstykka, men sjølv såg han på prosaen, og særleg dei kortare tekstane, som den viktigaste diktinga si. Samuel Beckett (1906–1989), fødd og oppvasken i Dublin, var ein av dei mest vesentlege forfattarane i det tjuande hundreåret. I 1928 flytta han til Paris og byrja etter kvart å skrive fransk, noko han i hovudsak fortsette med resten av livet. Novelprisvinnaren har hatt ein uvurderleg påverknad på heile den moderne litteraturen frå andre halvdel av førre hundreåret til i dag.
Alice B. Toklas’ sjølvbiografi
Book 4 · Jul 2018 ·
0.0
Kultklassikaren Alice B. Toklas’ sjølvbiografi er ei verkelegheitsnær, underhaldande og tørrvittig roman om det spesielle, internasjonale kunstnarmiljøet i Paris i byrjinga av 1900-talet. Gertrude Stein levde store delar av livet i Paris, midt i sentrum av det som på alle måtar var ei viktig historisk og kunstnarisk brytingstid. Verka til Gertrude Stein var i si tid så nyskapande og innovative at enkelte forlag trudde det hadde skjedd feil under maskinskrivinga av manus, men den verkelegheitsnære romanen om livet i Paris og miljøet rundt mange berømte kunstnarar blei ein publikumssuksess. Ved å skildre sitt eige liv gjennom auga til Alice, skapte Stein eit verk så annleis og nytt at det også i dag er overraskande lesnad. Gertrude Stein (1874–1946) var ein frontfigur i den modernistiske litteraturen og ein inspirator for mange kunstnarar og forfattarar i samtida. Ho viser at modernismen, om ofte vert knytt til dystre mannlege forfattarar, også var full av leik, uventa sprell og kvinner som ikkje brydde seg om konvensjonar. Stein har hatt stor påverknad på kunsten og litteraturen og blir i dag kalla «The Mother of Modernism».
Lenz
Book 5 · Feb 2019 ·
0.0
Georg Büchner skreiv forteljinga Lenz to år før han døydde, men ho blei først gitt ut posthumt i 1839. Teksten er basert på dagbøkene til presten Johann Friedrich Oberlin frå vinteren 1778. Då hadde forfattaren Jakob Michael Reinhold Lenz søkt tilflukt hos han, forvirra og på veg inn i galskapen. Büchner kjende seg igjen i Lenz og skreiv ei skildring som både i form og innhald staka ut ein ny veg for litteraturen: innover i menneskesinnet, utan blikk for konvensjonar og moralske fordommar. Hovudsaka for Büchner var innleving i andre menneske, og gjerne dei som fall utanfor samfunnet. Hovudpersonen i Lenz kjenner seg trengt opp i eit hjørne, og galskapen blir den yttarste konsekvensen av det mislykka og umoglege opprøret mot samtidas konvensjonar. Lenz er såleis rekna som ein av dei første tekstane i den moderne litteraturen. Georg Büchner (1813–1837) blir, trass i sitt korte liv og ein avgrensa produksjon, rekna som ein av dei mest viktigaste forløparane for den moderne europeiske litteraturen. Den mest renommerte bokprisen i Tyskland er oppkalla etter han Den unge Büchner var opposisjonell i Vormärz – åra før den mislykka marsrevolusjonen i 1848 – ein periode som var prega av sterk sensur. Han døydde etter kort tids sjukdom, berre 23 år ung.
Sjakknovelle og andre tekstar
Book 6 · Apr 2019 ·
0.0
Stefan Zweig var ein uhyre produktiv forfattar av dikt, romanar, biografiar og essay, men det er kanskje som meister i novellekunsten han har sett størst spor. Austerrikaren var høgt elska alt i si levetid, og på 1920-talet var han den mest omsette forfattaren i verda. I novellene sette den stadig reisande forfattaren ord på kjensla av å vere undervegs. Kombinasjonen av øm psykologisk innsikt og fengslande, scenisk forteljarkraft gjer at tekstane hans verkar like levande i dag som då dei blei skrivne. Mange av dei har blitt filmatiserte. Ein av dei nyaste er The Grand Budapest Hotel (2014) som smeltar saman inspirasjon frå fleire av Zweigs verk. Sjakknovelle, den mest kjende av novellene hans, ber preg av den såre krigserfaringa etter nazistanes maktovertaking i 1933. Denne la han siste hand på dagen før han tok livet sitt i 1942. Utvalet i denne samlinga består av Måneskinssmauet (1922), Brev frå ei ukjend kvinne (1922), Den usynlege samlinga (1927), Uventa innføring i eit handverk (1931) og Sjakknovelle (1942). Fire av dei vert her for aller første gong gitt ut på norsk. Omsett av kritikarroste Øystein Vidnes, som i fjor fekk tildelt Kritikarprisen for beste omsetjing. Stefan Zweig (1881–1942) var fødd og oppvaksen i Wien som son til ein velståande jødisk tekstilentreprenør. Saman med Thomas Mann blir austerrikaren rekna som den mest lesne tyskspråklege forfattaren i mellomkrigstida. Zweig var feira stort både av publikum og kritikarar og fungerte som vegvisar og mentor for mange unge kunstnarar i samtida. Etter at nazistane tok makta i Tyskland i 1933 blei verka hans forbodne og brende på bokbåla. Zweig blei tvungen ut i eit omflakkande eksil som førte han til England, New York, Paraquay, Argentina og til slutt Brasil. Zweig såg på seg sjølv som europear som ikkje høyrde til nokon nasjon. Han var ein lidenskapleg pasifist. Krigsåra, og den utbreidde nasjonalismen og anitsemitismen tok sakte knekken på han. Saman med kona Lotte tok han livet sitt i den vesle byen Petrópolis utanfor Rio i 1942.
Valskyldskapane
Book 7 · Sep 2019 ·
0.0
Valskyldskapane er noko så sjeldan som ein eksperimentell kjærleiks-roman frå starten av 1800-talet. Som ein av dei store romanane om ekteskapsbrot skapte han oppstuss, blei sett på som usedeleg og sett i samanheng med det lause og lystige livet ein meinte Goethe sjølv levde. Karakteristisk for Goethes verk er blandinga av litteratur med naturvitskaplege tema. I denne romanen ligg teorien om valskyldskapane av den svenske kjemikaren Torbern Olof Bergman i botnen. Blant alle dei berømte verka sine såg Goethe sjølv på Valskyldskapane som det mest vellykka. Med denne romanen skreiv den elles så positivt innstilte bestseljarforfattaren sin einaste eigentlege tragedie. Han brukte element frå den greske tragedien, kombinert med element frå romantikken, som han sjølv var ein uttalt motstandar av, og enkelte har lese verket som ein parodi på denne epoken. Johann Wolfgang von Goethe (1779–1832) er utan tvil den viktigaste forfattaren i tysk litteratur gjennom tidene, og han var ein sentral figur i den europeiske romantikken på 1700- og 1800-talet. Goethe var banebrytande i si tid, og han var ein frontfigur i den tyske litteraturepoken «Sturm und Drang» som var ein motstraum mot den franske klassisismen, tradisjonalismen og den dominerande rokokkostilen. Saman med Friedrich Schiller utvikla Goethe diktinga si i ei meir avklart og historisk orientert retning, og danna grunnlaget for det som seinare vart omtalt som Weimarer Klassik (weimarklassisismen).
Stormfulle høgder
Book 8 · Dec 2019 ·
0.0
Stormfulle høgder (1847) er ein av dei mest lesne engelske klassikarane i verda og den einaste romanen skriven av Emily Brontë. Den dystre kjærleikshistoria frå den nordengelske landsbygda om Catherine og den vondsinna Heathcliff, sjokkerte i samtida, ikkje minst fordi Brontë i romanen braut med litterære og moralske normer. Etter kvart har verket blitt rekna blant dei ypparste frå 1800-talslitteraturen, og karakterane Brontë skapte har i all sin mørke villskap fascinert lesarane fram til i dag. Den mytiske statusen til verket har vakse med tallause filmatiseringar og andre omarbeidingar. Emily Jane Brontë (1818–1858) er i dag ein av dei store kultforfattarane i verda. Ho debuterte i lag med systrene Charlotte og Anne i 1846 og brukte då det mannlege pseudonymet Ellis Bell. Brontë levde tilbaketrekt og døydde av tuberkulose berre 30 år ung. I litteraturen knytte ho seg til den gotiske tradisjonen og var oppteken av det patriarkalske samfunnet og kvinnene sin ufrie situasjon i heimen. Denne kombinasjonen gjorde at ho i dag vert sett på som stiftar av ein ny sjanger: den kvinnelege gotikken.
Dama med hunden og andre forteljingar
Book 9 · Mar 2020 ·
0.0
Anton Tsjekhov skreiv over 200 noveller, i tillegg til skodespela som han er mest kjend for. I tekstane sine skildrar han kvardagen i den russiske provinsen og dei vanskelege vilkåra mange levde under. Tsjekhov vaks sjølv opp i tronge kår, som eitt av seks søsken i byen Taganrog sørvest i det russiske riket. Etter at familien flytta til Moskva, måtte den mindreårige guten klare seg sjølv gjennom skulegangen og tene til livets opphald ved å selje lausvarer. Han fekk seinare stipend til eit medisinstudium i Moskva. Frå slutten av 1880-talet blei skrivinga hovudyrket hans, men han la aldri medisinen heilt frå seg. Tsjekhovs prosa kan i dag lesast som ein presis dokumentasjon av det russiske samfunnet på slutten av 1800-talet, og fleire av tekstane hans har blitt filmatiserte. Utvalet i denne samlinga er omsett av Geir Pollen (f. 1953). Han er forfattar og omsetjar, opphavleg frå Målselv i Troms, men har dei siste tolv åra budd i Russland og undervist ved universiteta i Sankt Petersburg og Moskva. Frå sommaren 2020 er han busett i Oslo. Pollen har skrive og omsett ei rekkje bøker i ulike sjangrar, både på nynorsk og bokmål, og skriv også litteraturkritikk. I 2004 fekk han Kritikarprisen for beste omsetjing for Austerlitz av W. G. Sebald. Anton Pavlovitsj Tsjekhov (1860–1904) er eit av dei store namna i russisk litteratur. Prosaen hans har vore med på å forme den moderne litteraturen og påverka forfattarar som Ernest Hemingway, James Joyce og Virginia Woolf. Hans enkle, korthogde og tidlause stil i tekstar som dreier rundt det eksistensielle i menneskelivet, vekte stor interesse hos dei som var med på å utvikle den moderne short story-sjangeren.
FelâtunBey og RâkımEfendi
Book 10 · Jun 2020 ·
0.0
«Felâtun bey og Râkımefendi» (1875) er eit av dei mest kjende verka til den folkekjære tyrkiske forfattaren Ahmet Mithat. Det er ein samtidsroman frå Det osmanske riket, skriven i ein periode prega av vestleggjering. Romanen kan både lesast som ein parodi på feilslått europeisering og som eit bidrag til å setje tradisjonelle samfunnsordningar under debatt. For å balansere impulsanefrå aust og vest, skaper forfattaren to parallellfigurar. Felâtun bey, den europeiserte snobben, lever eit dekadent liv, med alvorlege følgjer. MotspelarenRâkımefendi representerer tradisjonelle, muslimske verdiar og arbeidsmoral. Stilistisk kombinerer Ahmet Mithatimpulsarfrå populære europeiske føljetong-romanar med ironien i den orientalske forteljartradisjonen og skuggeteateret. Romanen er også eit interessant tidsdokument som gir lesareneit unikt innblikk i Istanbul på slutten av 1800-talet. Romanen er omsett av Gunvald Axner Ims (f. 1979). Han er omsetjar med master i tyrkisk frå Universitetet i Oslo og doktor i tyrkiske språk frå Uppsala universitet. Ims har forska på Orhan Pamuk og på ironiske framstillingar av vestleggjering i tyrkiske romanar. Han debuterte som tyrkisktalande hjå ein vertsfamilie i Izmir skuleåret 1996–97, og har sidan studert og forska i Istanbul over fleire år. Sidan sin debut som tyrkiskomsetjar i 2004 har han mellom anna omsett AslıErdoğan, Ahmet Altan og Ahmet HamdiTanpınar. Ahmet Mithat (1844–1912) var ein engasjert folkeopplysar, fødd i Istanbul, og ein av dei første romanforfattarane i tyrkisk litteratur. Livsverket hans omfattar rundt 40 romanar, fleirenovellesamlingar og litteraturkritiske artiklar. Etter fleireomflakkande år som førte han til Balkan, Bagdad og Rodos, returnerte han til Istanbul i 1870-åra og etablerte seg som avismann, utgjevar og kulturkritikar. Han hadde band til den moderne reformrørsla, men stilte seg samstundes kritisk til den utsvevande og europeisk-inspirerte livsstilen til mange i hans generasjon, og gjorde «den europeiske snobben» til ein sentral litterær figur.
Lausgjengar: Notat fråeit ustadig liv
Book 12 · Jun 2021 ·
0.0
«Lausgjengar»skildrar det turbulente livet til ei ung omstreifande kvinne i Japan på 1920-talet. Ho går frå jobb til jobb, alltid kortvarige, aldri godt betalte. Ho er alltid blakk, opplever vonbrot etter vonbrot, men gir aldri opp. Av lengten – etter mat, ein stad å bu, pengar og kjærleik – skaper forfattarenein ny og djerv litteratur frå undersida av det japanske samfunnet. Hayashis debutverk kan lesast som eit opprør mot den klassiske japanske dagboktradisjonen, der aristokratiske kvinner skreiv vakre dagbøker fylte av dikt om ulukkeleg kjærleik. Inspirert mellom anna av Knut Hamsuns Sult, skreiv Hayashi med utgangspunkt i sitt eige liv, rått, upolert og direkte, men òg med stor humor og poesi. Ho er ingen intellektuell forfattar, ingen sofistikert, høglitterær stilist, men skriv i eit språk som verkartilforlateleg og folkeleg der ho kombinerer modernisme med munnlegforteljarstil. Då boka kom ut, vart ho straks ein suksess og er i dag eit av dei mest vesentlege verka i Japans litteraturkanon.FumikoHayashi (1903–1951) er ein av dei mest folkekjære forfattarane i moderne japansk litteratur. Ho vaks opp som barn av to omstreifandekremmarar og levde frå hand til munn til ho var langt opp i tjueåra. Ho fekk lite skulegang, men byrja skrive litterært allereie som tenåring. Hayashi vart med i ein radikal kunstnarkrets i Tokyo, med anarkistar og dadaistar som ville fornye kunsten og braut med konvensjonar. I verka sine kombinerte Hayashi det avantgardistiske med det folkelege, og ho skildra fattigdom, krig og kjærleik fråeitkvinneleg perspektiv.
Prosessen
Book 13 · Mar 2022 ·
0.0
Prosessen (1925) er ein av dei mest vidgjetne romananefrå det tjuande hundreåret. Han er omsett til tallause språk og kan sjåast som ein av deigrunnleggandetekstane for å skjøne det vi kallar den moderne livskjensla. Hovudpersonen K. blir tilsynelatande kasta inn i ei verd styrt av reglar og logikk som er ukjende både for han lesaren. Dette gir einurovekkande og tidvis mørkt komisk effekt og gjer at boka kjennest aktuelt også idag. Franz Kafka skreiv manuset i hovudsak i 1914 og 1915, men det vart liggande uferdig. Før forfattarendøydde, bad han venen Max Brod om å øydeleggjedei uferdige manusa hans. Men Brodfølgdeikkje ønsket, han pusla dei lause manussidene av Prosessen saman og publiserte verket. Det er Brodsutgåve og rekkjefølgje som ligg til grunn for denne nyomsetjinga. Brod stod Kafka svært nær, og det er all grunn til å tru at hans utgåve også er den som står Kafka nærast. Franz Kafka (1883–1924) vert sett på som ein av deiviktigasteforfattarane på 1900-talet, og verka hans er einuomgjengeleg del av verdslitteraturen. I levetida var den tyskspråklege, jødiske forfattaren lite kjendutanfor heimbyen Praha, men frå seint i 1920-åra påverka han både litteraturen og sjølvforståinga i heile det tjuande hundreåret. I dag er Franz Kafka den mest lesnetyskspråklegeforfattaren i verda, og særpreget i forfattarskapen var sterkt nok til å gjerenamnet hans til omgrep i språket. Når verda framstår framand for oss, kan vi kalla henne kafkask, og når styresmakter eller storkapitalismen yter oss urett, blir det fort einkafka-prosess.
Kanelbutikkane: Og andre forteljingar
Book 14 · May 2023 ·
0.0
Kanelbutikkane og andre forteljingar skildrar det jødiske miljøet i den no ukrainske byen Drohobytsj, sett frå barndommen til forfattaren og med faren Jakub som midtpunkt. Utvalet i boka består av 15 noveller frå den originale samlinga Kanelbutikkane (1933) i tillegg til «Undula», ei tidleg novelle gitt ut under pseudonym. Denne teksten blei først oppdaga i 2019. Schulz skreiv fråeit område som har høyrt heime både i aust og vest, ein kulturell smeltedigel, ein plass for store politiske omveltingar og stadig skiftande grenser. Han stod med eitt bein i den vestlege modernismen og det andre i den jødiske kulturarven. Den særeigne stilen og forteljemåten til Bruno Schulz har påverka polske forfattarar heilt fram til i dag. Bruno Schulz (1892–1942) blir rekna som ein av dei fremste polske forfattarane i det tjuande hundreåret. Forutan nokreenkeltståande noveller, brev og kritikkar, gav han berre ut to verk medan han levde. Ein del av forfattarskapen gjekk truleg tapt under den andre verdskrigen. I 1942 blei den jødiske forfattarenskoten av Gestapo på gata i heimbyen Drohobytsj. Bruno Schulz skreiv i eit landskap mellom røynd og draum og har blitt samanlikna med Franz Kafka og Marcel Proust.
Då Ivan Iljitsj døydde
Book 15 · Mar 2023 ·
0.0
Lev Tolstoj er ein bauta i russisk litteratur, og forfattaren har dessutanpåverka moderne litteratur verda over. Anton Tsjekhov, James Joyce, Virginia Woolf, Marcel Proust, William Faulkner – alle desse hylla han som ein av dei fremste forfattarane gjennom tidene. Då Ivan Iljitsjdøydde (1886) er ei lita perle av ei bok, som ofte har drukna i merksemda rundt dei store romanane Tolstoj er kjend for. Men denne langnovella er noko av det mest personlege han skreiv. Den nådelause skildringa av det uekte, overflatiske livet som Ivan Iljitsj har levd, verkar moderne – nesten samtidig. Utanhøflege omsyn til lesaren, viser Tolstoj fram sjukdommen og døden i all si gru. Korleis leve eit meiningsfullt liv med den meiningslause døden som det einaste heilt sikre? Spørsmålet er like essensielt snart halvtanna hundreår seinare. Lev Nikolajevitsj Tolstoj (1828–1910) blei fødd inn einvelståande aristokratisk familie. Han begynte å skrive under militærtenesta og blei raskt ein folkekjær forfattar i heimlandet. Sjølv om han var adeleg, var han oppteken av bøndene sine levekår og var eintydelegreformtilhengar og seinare også anarkist. Som tidleg pasifist skulle han kome til å påverke sentrale personar i verdshistoria som Mahatma Gandhi og Martin Luther King.
Å vere ein annan
Book 16 · Nov 2022 ·
0.0
Fernando Pessoas forfattarskap er ein portugisisk nasjonalskatt, og sanneleg er det ei skattejakt vi er med på når vi skal dykke ned i eit livsverk som på slutten av Pessoas liv var ei stor kiste full av papir. Dei over 25 000 lause manuskriptsidene, gav ettertida gåter som enno ikkje er løyste. Pessoa la tekstane sine i munnen på fiktive forfattarar som han kalla heteronym – ei oppteljing viser 136 ulike fiktive forfattaridentitetar. Å vere ein annan er ei samling tekstar valt ut av omsetjar Øystein Vidnes som i mange år har arbeidd med Fernando Pessoas litterære verk. Tekstane er sett opp kronologisk og fører oss tett inn på dei mest kjende forfattarstemmene: gjetardiktaren Alberto Caeiro, futuristen Álvaro de Campos, klassisisten Ricardo Reis, den inneslutta drøymaren Bernardo Soares, den mangfaldige Fernando Pessoa sjølv og ei handfull andre. Med denne boka får vi eit levande utsnitt av mangfaldet i Pessoas verk, som viser korleis forfattaren i heimlandet både kan vere ein folkekjær diktar og ein nyskapande analytikar av det moderne sjølvet, ein som tok seg sjølv frå kvarandre for å studere bitane. Enkelte av tekstane har først sett lys dei siste åra, og er for ein stor del framleis ukjende for dei aller fleste lesarar utanfor Portugal. Den portugisiske forfattaren Fernando Pessoa (1888–1935) levde eit tilbaketrekt liv som kontorist i Lisboa, men er i dag rekna som ein av dei store europeiske modernistane, på linje med namn som James Joyce, Franz Kafka, Virginia Woolf og Robert Musil. På same måten som Joyce gjennom litteraturen sin er knytt til heimbyen Dublin, og Kafka til Praha, Woolf til London, Musil til Wien, er Pessoa uløyseleg knytt til Lisboa og til heimlandet Portugal, der han er eit folkekjært allemannseige.
Swanns kjærleik
Book 17 · Nov 2024 ·
0.0
Forfattarskapen til franske Marcel Proust er eit nav i den moderne verdslitteraturen. Hans gigantiske roman «På sporet av den tapte tid», som kom ut i 15 bind frå 1913 til 1927, har blitt eituomgjengeleg referansepunkt for boklesande over heile verda. «Swanns kjærleik» utgjerein lang digresjon i det store romanverket, men forteljinga står samstundes på eigne bein. Ho er ei av dei mest kjendekjærleikshistoriene i verdslitteraturen. Den intense historia om korleis levemannen Swann steg for steg forvillar seg inn i ei kjærleiksaffære, har alt som følgjer med av lengsel, uro, svartsjuke, sjølvplaging og den underliggande undringa på om det verkeleg går an å kjenne og å elske eit anna menneske. Marcel Prousts (1871–1922) var fødd i einvelståandeborgarleg familie i Paris, og helsa hans gjorde at han fekkein avsondra oppvekst og ein ufullført skulegang. I unge år var Proust kjent som ein dilettant og oppkomling, eingjengangar i dei snobbete salongane til det øvre borgarskapet, noko som seinare gav han eit rikt materiale til den store romanen. Manuset til det første bindet av storverket blei refusert av fleire forlag, før forfattaren enda med å betale for utgjevingasjølv.